Sa nei til vindmøller

Eit samrøystes heradsstyre konkluderte tysdag med at fjellområda i Kvam ikkje bør vurderast for vindmølleutbygging.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider for tida med å laga eit utkast til nasjonal ramme for vindkraft på land. Føremålet med dette er å medverka til at dei beste stadene vert valde når det vert søkt om konsesjon.

Utkastet skal vera klårt innan 1. mars 2019, og deretter skal olje- og energidepartementet senda det ut på høyring. Men alt no har NVE bede om fagleg informasjon av overordna karakter for 43 område dei har plukka ut som såkalla analyseområde. Eitt av desse områda - område 17 - dekker blant anna store delar av Kvam herad. 

Over kan ein sjå kart over analyseområdet.  

I rådmannen sitt opprinnelege framlegg til vedtak – som fleirtalet i formannskapet hadde slutta seg til – heitte det at arealbruk til vindkraft må vurderast opp mot regionale interesser, inkludert det største samanhengande områder med uberørt natur i Hordaland. Rådmannen peikte også på at store inngrep i landskapet kan påverka friluftsliv og reiseliv i kommunen, og syner også til at delar av området er på den gule lista i kommunen sin nyleg vedtekne kulturminneplan.

Samla seg om felles framlegg

I formannskapet sette Kari Mostad (MDG) fram eit meir omfattande framlegg, som munna ut i at det aktuelle analyseområdet bør takast ut av arbeidet. Framlegget fekk der fire av ni røyster, og fall. 

I heradsstyret sette Mostad på ny fram det same framlegget. Etter ein diskusjon og gruppemøte samla heradsstyret seg om delar av framlegget frå Mostad. Dette vart sett fram som eit nytt fellesframlegg, som vart samrøystes vedteke. I vedtaket heiter det blant anna: "Kvam herad meiner at analyseområde 17 må trekkast ut av det vidare arbeidet med nasjonal ramme for vindkraft".

Frå før har Jondal og Vaksdal kommunar gjort liknande vedtak.

Du kan sjå debatten i heradsstyret på kommune-TV.