Rundt ti koronatestar dagleg

Klikk for stort bileteTeststasjonen og luftvegslegevakten, som no ligg ved Kvam legevakt, utfører no rundt ti koronatestar dagleg. Det har ikkje kome nye meldingar om koronasmitte i Kvam.

Symptoma på smitte med koronaviruset er vanlegvis fyrst symptom frå øvre luftvegar (vondt i halsen, forkjøling, lett hoste), samt sjukdomskjensle og muskelsmerter. Nokre får magesmerter og i enkelte tilfelle diaré. Det vert også rapportert om nedsett smak- og luktesans. Symptoma kan minna om symptom frå andre luftvegsinfeksjonar. 

Dersom du mistenker at du kan vera smitta, hald deg heime og ta kontakt med fastlege på telefon eller elektronisk. Legen vil fortelja deg kva du skal gjera vidare, og dersom legen mistenker at du kan vera smitta med koronaviruset vil det verta gjort ei avtale om testing.

– For at testinga ikkje skal gå utover legevakten sin kapasitet til å gje helsehjelp som hastar, vil flest mogleg av testane verta utført på dagtid, seier kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid. Han minner også om at svar på testen vil vera tilgjengeleg ved innlogging på Helsenorge.no, og det like tidleg som svaret kjem til fastlegen. Det er altså ikkje naudsynt å ringa til lege for å få testsvaret.

Dersom det ikkje vert påvist smitte på prøva, skal ein likevel halda seg heime til symptoma er over. For born under 10 år er dette ikkje naudsynt, men dei skal halda seg heime til dei har god allmenntilstand.

Dersom ein får påvist smitte, må ein i isolasjon (les meir om dette på FHI sine nettsider), og husstandsmedlemmer må også i karantene. Ein vil då også verta kontakta av smittesporingsgruppa, og nærkontaktar vil verta fulgt opp med testing og råd.