Rullering av trafikksikringsplan for Kvam

Du vert no invitert til å koma med innspel til Kvam herad sin trafikksikringsplan for perioden 2020-2023.

Klikk for stort bilete

Gjeldande trafikksikringsplan for Kvam 2016-2019 skal rullerast, og me ønskjer innspel til planarbeidet. 

Ganske mange av innspela til tidlegare planar er no gjennomførde, medan ein del av dei tunge og ressurskrevjande tiltaka gjenstår.

Det er gjerne dei mindre og lite kostnadskrevjande tiltaka som vi har høve til å gjennomføra i planperioden innanfor det budsjettet som vert tildelt. Nokre av dei viktigaste og mest effektive trafikksikringstiltaka kostar ikkje pengar, men er knytte til åtferd og haldning. Tenk gjerne kreativt i denne samanheng. Me tek mot alle gode innspel.

Innspel som vart registrerte ved sist rullering av trafikksikringsplanen 2016-2019, finn du i vedlegga side 46 - 49 (PDF, 2 MB).

Innspel må vera skriftlege, og skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller til postmottak@kvam.kommune.no. Ver venleg å merka brev og e-postar med ”Innspel til trafikksikringsplan for Kvam 2020-2023”. Dei vert vurderte av ei tverrfagleg prosjektgruppe. Me reknar med å ha eit planutkast ferdig innan utgangen av okt 2019, og at planen skal vera ferdig handsama innan utgangen av 2019.

Fristen for innspel er torsdag 6. juni 2019.