Revisjon av internkontrollsystem

Kvam herad har dei siste åra arbeidd med å ta i bruk bl.a. kvalitetssystemet Compilo som ein del av internkontrollsystemet i kommunen.

Undervegs i prosessen har Deloitte på bestilling frå kontrollutvalet, gjennomført ein forvaltningsrevisjon av internkontrollen. Rapporten viser at arbeidet med eit felles system for internkontroll er godt i gang, men at kommunen framleis heilt eller delvis manglar fleire sentrale internkontrollsystemkomponentar.

Forvaltningsrapporten skal handsamast av kontrollutvalet den 20. februar, og er ikkje formelt ferdig før handsaminga i utvalet. Deloitte føreslår ei rekkje tiltak i rapporten, blant anna:

- å ferdigstilla arbeidet med eit felles internkontrollsystem

- å ferdigstilla arbeidet med å ytterlegare konkretisera måla for einingane

- å ferdigstilla arbeidet med å utarbeida skriftlege rutiner for arbeidsprosessar som manglar dette

- å etablera system for å gjennomføra risikovurderingar på overordna og operasjonelt nivå

- å etablera system for å halda oversikt over kompetanse- og bemanningsnivå

- å vurdera tiltak for å auka fokus på å førebyggja korrupsjon og misleghald

- å vurdera tiltak for å sikra at rutinar for varsling og oppfølging av varsel vert gjort kjende

 

Rådmannen meiner at Deloitte har laga ein oversiktleg og nyttig revisjonsrapport, og har laga ein høyringsuttale som går meir inn på grep som vert gjort. Uttalen kan lesast her (PDF, 651 kB)

Oppsummert vurderer rådmannen det slik at dei prosessane kommunen har sett i gang, som etter planen vil vera ferdige i løpet av 2019, vil langt på veg innfri krava til internkontrollsystem. Det er likevel nokre justeringar må gjerast. Blant anna vil rådmannen framskunda å ta i bruk ROS-modulen i kvalitetssystemet og auka omfanget av kontrollrutinar og oppfølginga av dei. Rådmannen vil òg vurdera å kjøpa inn konsulenthjelp til å ferdigstilla arbeidet med verksemdstyring for å spissa målarbeid og betra informasjonsflyt i organisasjonen. Med desse grepa trur rådmannen at Kvam herad kan oppnå krav til internkontroll, som er definert som ein prosess som gjev rimeleg tryggleik for at ein organisasjonen når måla sine, sikrar ei effektiv drift, påliteleg rapportering og ei etterleving av lovar og reglar.

Forvaltningsrapporten som skal handsamast i kontrollutvalet 20. februar, kan du lesa her (PDF, 3 MB)