Rår til brannstasjon på Mo

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Frå røykdykkarøving Torleif Ones Rådmannen rår til at den nye brannstasjonen i Kvam bør liggja i eit nytt bygg like ved politiet sine lokale på Mo i Steinsdalen. Onsdag diskuterer formannskapet saka. 

I 2017 vedtok heradsstyret ny brannordning for kommunen. Då bad heradsstyret også ei sak knytt til endeleg plassering og løysing for ny felles brannstasjon for Norheimsund og Øystese. 

No vert saka lagt fram for formannsskapet, som skal koma med ei innstilling til heradsstyret. To alternativ er skissert i saka: å plassera brannstasjonen på Mo i Steinsdalen eller på Sandven sentralt i Norheimsund. Rådmannen meiner at båe alternativa er eigna, men rår til det fyrstnemnde, både av omsyn til raskast mogleg utrykking, grunna samlokalisering med politi og fordi det der truleg vil vera plass til gjennomkøyring i brannstasjonen. Plasseringa i Steinsdalen legg også til rette for samlokalisering med Sivilforsvaret, og har plass til utviding av stasjonen dersom det vert naudsynt i framtida. 

Rådmannen rår til å starta omregulering av det aktuelle området. Ho føresler også at stasjonen vert supplert med depot for brannbil og lager for Sivilforsvaret i dagens stasjonsbygg i Øystese. 

I innstillinga vert det også rådd til at den økonomiske ramma i prosjektet vert auka til 18,5 millionar kroner. Sakspapira i saka er tilgjengeleg i Kvam herad sin møteportal. Du kan også lesa om saka i lokalavisa Hordaland Folkeblad.

Fann du det du leitte etter?