Rådmannen skal vera rådmann...

... og formannskapet skal straumast. 

  

Eit fleirtal i heradsstyret avgjorde i kveld at rådmannen i Kvam framleis skal ha tittelen rådmann. Diskusjonen kom om fordi det i den nye kommunelova er lagt opp til bruk av tittelen kommunedirektør. 

Føremålet med endringa har vore å få ein kjønnsnøytral tittel. Departementet meiner at tittelen kommunedirektør også er presis, då kommunen sin administrative toppsjef er direktør for kommunen. Departementet har dessutan eit ynskje om at alle kommunar nyttar seg av same tittelen, men det er opp til kvar enkelt kommune å avgjera dette. Ei rekkje kommunar har skifta ut tittelen til "kommunedirektør", medan andre har halde på "rådmann".

Formannskapet hadde rådd til at rådmannen framleis skal ha tittelen rådmann. I heradsstyret vart det fremma fleire alternative framlegg, både heradsskrivar, administrasjonssjef og kommunedirektør. Til sist landa likevel eit fleirtal i heradsstyret på at Anita Hesthamar framleis skal vera rådmann. 

Strauming av formannskapsmøter

Formannsskapet sitt namn stod ikkje på sakslista, sjølv om det vart nemnd i debatten. Det som derimot stod var formannsskapet si innstilling om at også formannskapsmøte frametter skal straumast på kommune-TV, til liks med heradsstyremøta. Det var heradsstyret samrøystes samde i.