Rådhuset opnar for publikum

Klikk for stort bileteKvam rådhus opnar att 25. mai. Ei rekkje smitteverntiltak vil framleis gjelda.

Mange tiltak som vart sett i verk for å avgrensa smittespreiing av koronaviruset, er no i ferd med å verta lempa på. Den 25. mai opnar også rådhuset for publikum igjen. 

Det vert gjort ei rekkje smitteverntiltak, og nokre av dei vil også vera merkbare for publikum. Blant anna vil fysiske møter som går føre seg på rådhuset finna stad i eit av møteromma på huset, og ikkje på sakshandsamarar sine kontor. Det er også viktig at besøkande har eit ekstra fokus på smittevern, blant anna på handhygiene, og handhelsing vert framleis unngått. 

Publikums-PC-en på rådhuset vert flytta opp i resepsjonsområdet, og brukarar må reingjera kontaktflater etter bruk.

Sjå også: Biblioteka opnar.