Råd i samband med koronautbrotet i Bergen

Klikk for stort bileteKvam herad vil understreka dei generelle smittevernråda, og kjem i tillegg med råd om bruk munnbind på kollektivtransport og om bruk av heimekontor for busette i Bergen kommune som jobbar i Kvam.

Generelle råd

Det viktigaste du kan gjera for å avgrensa smitte er å følgja dei generelle råda:

  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald auka avstand til andre enn dine næraste. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming, og hald minst ein meters avstand. 
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halda deg heime til du er symptomfri.
  • Har du symptom på COVID-19 / symptom på luftvegsinfeksjon, bør du testast.

Dette er råd det er ekstra viktig å halda seg til i samband med alle fritidsreiser og turar innanlands. Kvam herad vil samstundes understreka at det pågåande utbrotet i Bergen ikkje medfører at du bør avlysa naudsynte turar og avtaler; til dømes avtalar med lege, tannlege eller på sjukehus. 

Bruk av munnbind på kollektivtransport

Dersom du reiser kollektivt i Bergen tilrår Bergen kommune å bruka munnbind på kollektivtransport når det er trengsel, og ein vanskeleg kan overhalda 1-meters-regelen. Kvam herad gjev også dette rådet for kollektivreiser på ruter til og frå Bergen.

Råd til deg som pendlar

Dersom du er busett i Bergen kommune, har Kvam herad som arbeidsgjevar og kan arbeida heimefrå, rår me i den noverande situasjonen til at du jobbar heimefrå så langt råd er. Kvam herad oppmodar også andre verksemder med arbeidstakarar som pendlar til eller frå Bergen om å leggja til rette for bruk av heimekontor.