Pårørandeskule i Kvam

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete geralt / Pixabay / sluppe i det fri I samarbeid med Demensforeininga i Kvam inviterer Kvam herad til kurs for pårørande til personar med demens.

Dette er eit kurstilbod over 4 kveldar, retta til deg som har eit famliemedlem eller kjenning med demenssjukdom, og ynskjer meir informasjon om sjukdommen, og hjelp til å takle kvardagen.

Stad: Toloheimen

Tid: Onsdag 23. januar, 30. januar, 6. februar og 13. februar klokka 18-21

Kurset er gratis.

Kveld 1: Sjukdomslære, pårørandeliv og kommunikasjon

Kveld 2: Sjukdomslære, god omsorg og meistringstrategiar

Kveld 3: Jus og tekniske hjelpemiddel

Kveld 4: Kommunale tilbod, fastlegen sine oppgåver og musikk som behandling.

Det vert lagt opp til at ein har tid til samtalar, og til å kunna ta opp utfordringar i kvardagen.

Enkel servering.

Førelesarar: Lars Riise, Olav Tombre, Ingebjørg Langesæter, Synnøve Steine, Anne Merethe Flekstad Vik, Gunnar Skeie, Hege Dale, Elfrid Oma, Marit Tolo, Dag Erlend Skjelbreid og musikkterapeut Solveig Vik

Møteleiar: Marit Rogde

Det kan verta endringar i program og førelesarar.

For nærare informasjon og påmelding:
Kontakt Marit Tolo på tlf 482 18 905 (send gjerne SMS) eller på e-post majt@kvam.kommune.no