Pårørandekveld

Er du pårørande til nokon som har eller har hatt utfordringar knytt til rus? Onsdag 11. september kl. 18.00 vert det igjen arrangert pårørandekveld, i Holmsund-huset ved Nyatræet.
Klikk for stort bilete Pixabay / PIRO4D

Føremålet med desse treffa er å kunna møta andre som er eller har vore i liknande situasjonar som ein sjølv. På kvart av treffa vil det vera eit tema, som tener som utgangspunkt for kveldens samtale. 

Det vil og vera moglegheit for å dela erfaringar med kvarandre, og gje kvarandre håp og støtte.

Vel møtt.