Påminning om påkopling

Over påske vil det verta sendt ut ei påminning om påkoplingsplikta til det kommunale avlaupsnettet, i fyrste omgang til bebuarar langs Fv7 Hardangervegen, frå kaien i Øystese og inn til Laupsa. 
Tilkopling til avlaupsnettet er viktig for å unngå ureining. Her: Inntaket til det nye reinseanlegget på Notaneset. Øyvind Strømmen

– Dette er viktig, seier Nils Eivind Stranden, leiar for kommunalteknikk i Kvam herad. – Me får bukt med lokal ureining og det er også eit krav frå fylkesmannen om at me skal syta for påkopling. 

Plan- og bygningslova slår fast at ein skal kopla seg på det offentlege vass- og avlaupsnettet dersom det går over eigedomen, i veg som støyter til eigedomen eller over nærliggjande areal. I 1999 vart det gjort eit vedtak i Kvam herad som konkretiserer dette. Det inneber at Kvam herad kan krevja tilkopling av abonnentar som er inntil 125 meter frå hovudleidninga. Dersom fleire hus skal koplast på same stikkleidning vert avstanden ganga med talet på hus.

Årsaka til at desse krava er såpass strenge er at ein skal unngå utslepp av avlaupsvatn, og hindra lokal ureining.

Pålegg kan verta aktuelt

Over påske vil Kvam herad senda ut eit brev, i fyrste omgang til bebuarar langs fylkesveg 7, frå kaien i Øystese og til Laupsa. Brevet går til dei som ikkje er knytt til kommunal avlaupsleidning, og varslar om at det kan koma eit pålegg om å gjera dette, dersom ein ikkje er kopla til den kommunale avlaupsleidninga innan 31. oktober 2019. I ein slik situasjon kan det også verta fastsett tvangsmulkt og det kan bli gjeve førelegg. 

I brevet vil Kvam herad også be om at mottakarar som meiner at Kvam herad sine opplysningar er uriktige, som allereie har sett i gong arbeidet med påkopling eller som meiner at dei ikkje pliktar å knyta seg til det kommunale nettet tek kontakt så snart som råd. 

Lurer du på noko i denne samanhang? Då kan du ta kontakt på telefon, eller på e-post postmottak@kvam.kommune.no

Nils Eivind Stranden
Leiar
E-post
Telefon 95 94 28 81
Mobil 95 94 28 81