Oppstart reguleringsplan for Kvam Vidaregåande skule

Klikk for stort biletePlanområde I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det kunngjort oppstart av reguleringsplan for ny lokalisering av Kvam vidaregåande skule i Norheimsund.

Geoplan AS skal på vegne av tiltakshavar Vestland Fylkeskommune, utarbeida eit framlegg til detaljreguleringsplan for området. Føremålet med planen er å regulera området på ca 18 daa til offentleg tenesteyting og undervisning med tilhøyrande uteareal og infrastruktur, i tråd med kommuneplan for Kvam 2019-2030. Grunnlag for løysingar i reguleringsplanen vil verta basert på ein mogelheitsstudie og ein trafikkanalyse som er under utarbeiding av Norconsult AS. Planen vil erstatta reguleringsplan 20110017, i tillegg til delar av reguleringsplan 19850002 og 19940004. Reguleringsplanen er vurdert til ikkje å utløysa krav om planprogram og konsekvenstugreiing.

 

Innspel til planarbeidet vert å senda til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller til post@geoplan. no innan 16.03.2020.

Mottekne innspel og dokument vil verta vurdert og lagt ved planframlegget. Spørsmål rettast til Geoplan AS, tlf 56556233 e-post: post@geoplan.no