Oppdatert koronavaksine frå Pfizer klar til bruk

Mann i kvit smitteverndrakt og med munnmaske som held ei stor vaksinesprøyte som stikk eit skrikande koronavirus. Andre små virus i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete 

Nasjonale myndigheiter informerer om at ein oppdatert koronavaksine frå Pfizer snart er klar til bruk i Noreg.

Kvam herad tek imot den nye vaksinen i veke 38, og vil kunna tilby oppfriskningsdosar med den nye vaksinen frå onsdag 21. september. OBS. endring av vaksinedato kan førekoma og vert då lagt ut på heimesida.

Den oppdaterte Pfizervaksinen kan visa seg å gje betre beskyttelse mot omikronsmitte, men den er utvikla for èin omikronvariant og ikkje alle variantar som har vore i omløp det siste året. Uavhengig av om du mottek vaksinen som er brukt til no eller den videreutvikla vaksinen som er tilgjengeleg frå veke 38, gjev 2. oppfriskningsdose god effekt mot alvorleg forløp av covid-19. Det viktigaste er at du tek oppfriskningsdose etter anbefalingane frå nasjonale myndigheiter.

Den oppdaterte vaksinen vil bli nytta til å vaksinera innbyggjarar med oppfriskningsdose 1 og 2 (dose 3 og 4). Den kan ikkje nyttast til grunnvaksinering (1. og 2. vaksinedose). Dei som har behov for dose 1 eller 2, vil difor få tilbod om dagens vaksiner fra Pfizer og Moderna.

Du kan sjølv velja om du vil avventa til den oppdaterte vaksinen frå Pfizer er på plass i Kvam, eller om du vil ta imot dagens vaksine.

Innbyggjarar som allereie har teke andre oppfriskningsdose, har fått auka beskyttelse mot alvorleg sjukdom. Dei treng ikkje ny dose med oppdatert vaksine no.

Nasjonale myndigheiter informerer om at det enno ikkje er avklart når videreutvikla vaksine fra Moderna vil vera tilgjengeleg i Noreg. Ynskjer du å motta eksisterande vaksine frå Moderna eller Pfizer, vil det vera mogeleg òg etter at me har fått den nye vaksinen frå Pfizer.