Oppdatering om koronavaksinering

Vaksineringa mot COVID-19 for personar i aldersgruppa 45 - 54 startar 30. juni. Er du i denne aldersgruppa, eller eldre? Då kan du tinga vaksine digitalt.

Klikk for stort bilete 

Du kan melda deg på digitalt. Dersom du er eldre enn 54, men stadig ikkje vaksinert, er det heller ikkje for seint. Også då kan du bruka det digitale påmeldingsskjemaet. Merk at du ikkje skal bruka dette dersom du allereie har fått vaksinetime.

Dersom du ikkje har moglegheit til å melda deg på digitalt, kan du ta kontakt på Kvam herad sin vaksinetelefon, tlf. 56 55 30 15 (kvardagar 9 - 15).

Du finn meir informasjon på www.kvam.no/vaksine/

Vaksinering vil no finna stad i Øystesehallen, ikkje på dei enkelte legekontora.

Er du i ei risikogruppe?

Vaksineringa av vaksne i ulike risikogrupper er i gang. Dei fleste skal allereie vera kontakta direkte. Dersom du meiner å ha ein av desse risikofaktorane, og ikkje har høyrd noko, ber me deg om å ta kontakt med fastlegekontoret ditt:

  • fedme med kroppsmasseindeks (ofte kalla BMI) på 35 eller høgare
  • kronisk leversjukdom
  • betydeleg nedsett leverfunksjon
  • diabetes
  • kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorleg astma (med alvorleg astma vert meint astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar det siste året)
  • demens
  • hjerneslag
  • kroniske hjarte- og karsjukdomar (unnateke høgt blodtrykk)
  • annan alvorleg og / eller kronisk sjukdom som gjev auka risiko ved COVID-19

Dersom du får immundempande behandling for autoimmun sjukdom, og ikkje allereie er kontakta om vaksinering, ber me deg også om å ta kontakt med fastlegekontoret.