Ope møte om oppvekstplan

Onsdag 7. september vert det arrangert ope møte om kommunedelplanen for oppvekst, klokka 18 til 20, i heradsstyresalen i rådhuset.

Klikk for stort bilete

Oppvekstplanen er ein overordna plan som skal gje retning for satsinga på barn og unge for åra 2023-2033. Målet med planen er at alle barn og unge i Kvam skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø.

I møtet vert innhaldet i sjølve planen presentert. I tillegg vert tre tilhøyrande rapportar presenterte.

Program for møtet:

  • Velkomst og innleiing, ved ordførar Torgeir Næss
  • Presentasjon av oppvekstplanen, ved prosjektleiar Ingunn Hildonen Teigland
  • Presentasjon av rapporten «Barnetråkk», ved rådgjevar Leiv Ingmar Kaale
  • Presentasjon av rapporten «Ungdata – samanhenganalyse», ved folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås
  • Presentasjon av rapporten «Brukarreise», ved leiar for NAV Kvam Terje Langeland

Innlegga vert sendte direkte på kommune-tv frå heimesida til Kvam herad. Dei vil også vera tilgjengelege der i ettertid.

Du finn utkastet til oppvekstplanen i Framsikt. Det finst også tre vedlegg: 

  • Rapport om Barnetråkk
  • Rapporten Ungdata – Samanhenganalyse
  • Rapporten «Brukarreise», som er laga av NAV og som handlar om unge vaksne som mottek  arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd. Denne rapporten vert publisert etter møtet.

Det er høve til innspel og spørsmål undervegs i møtet, som er ope for alle interesserte. Vel møtt!