OPE MØTE OM MOGLEG NASJONALPARK I ØYSTESEFJELLA

Onsdag den 28.september, vert det ope møte på Norheimsund skule om mogleg nasjonalpark i Øystesefjella.

Klikk for stort bilete  Foto:  Nicolas Rodriguez

Miljødirektoratet har gjeve Statsforvaltaren i Vestland i oppdrag å sjå på moglegheitene for nasjonalpark i Øystesefjella. I den samanheng vert det arrangert ope møte på Norheimsund skule.  Møtet er opent for alle.  Vel møtt

 

Program

OPE MØTE OM MOGLEG NASJONALPARK I ØYSTESEFJELLA

Tid:  Onsdag 28. september kl. 19.00–21.30

Stad: Norheimsund skule, amfisalen

• Torgeir Næss, ordførar i Kvam: Velkomen

• Kjell Kvingedal, miljødirektør v/ Statsforvaltaren i Vestland: Bevaring av verdifull natur i Øystesefjella

• Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune: Erfaring frå lokal nasjonalparkforvaltning

• Hans Petter Bugge, Norheim/Skutlaberg grunneigarlag: Nasjonalpark sett frå ein grunneigar sin ståstad

• Andreas Skogseth, reiselivsdirektør Visit Hardangerfjord: Konsekvensar for reiselivet ved etablering av nasjonalpark

• Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag: Utfordringar og moglegheiter ved auka bruk av området

• Kaffipause og enkel servering

• Spørsmål og kommentarar frå publikum

Møteleiar: Frode Nygård, varaordførar i Kvam

Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland og Kvam herad