Offentleg ettersyn - framlegg til reguleringsplan for Øvre Haukås - Gråskorv

Klikk for stort bileteKunngjering av Kvam miljø-, plan- og bygningsutval sitt vedtak om offentleg ettersyn. Frist for innspel er 12.05.21.

Kvam miljø-, plan- og bygningsutval  vedtok den 16.03.21, sak 017/21, framlegg til reguleringsplan for Øvre Haukås - Gråskorv. Planområdet er del av gnr 109 bnr 2 og 7.

Føremålet med ny reguleringsplan er å leggja til rette for utbygging av fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur. Området er tidlegare avsett til byggjeområde for fritidsbustader i reguleringsplan for gnr 109 bnr 2 m.fl., del 2 Gråskorv, Øvre Haukås vedteken 18.12.07. Planområdet vert i ny reguleringsplan detaljregulert. Det vil sei at det vert fastlagd kor mange hytter som kan byggjast, kvar dei skal liggja, vegløysing, parkering, grøntområde, m.m.

Reguleringsplanen frå 2007 opnar opp for 40 nye einingar innan del 2 Gråskorv. Planframlegget viser no 47 einingar. 5 av desse ligg i eit myrområde og rådmannen er usikker på om dette er tilrådeleg. Rådmannen vil gjera seg opp ei endeleg vurdering av dette etter at planen har vore til offentleg ettersyn og etter at det er gjennomført synfaring.

Reguleringa er fremja av Haukås utvikling AS som tiltakshavar og utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om off.ettersyn pr brev.

For meir informasjon:

 Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 17/529

Via Kvam herad si kartløysing kan du få fram planområdet ved å søkja på Planid 20170001

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 12.05.21.

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

  • Leiv Ingmar Kaale,  tlf: 56553088   e-post:  leikaa@kvam.kommune.no
  • Fellessekreteriatet,  tlf:  56553000   e-post:  postmottak@kvam.kommune.no
Leiv Ingmar Kaale
Rådgjevar
E-post
Telefon 56 55 31 88