Offentleg ettersyn - framlegg til reguleringsplan for næringsområde på Valland

Klikk for stort bilete Kunngjering av Kvam miljø-, plan- og bygningsutval sitt vedtak om offentleg ettersyn. Frist for innspel er 12.05.21

Kunngjering av Kvam miljø-, plan- og bygningsutval vedtok den 16.03.21, sak 016/21, framlegg til reguleringsplan for næringområde på Valland; N68 Valland. Planområdet er del av gnr 33 bnr 195 m.fl.  

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for at arealet kan nyttast til næringsverksemd som kontor, oppstillingsplass for bilar og lager. Planen legg til rette for trygg og tenleg tilkomst, handtering av overvatn og føresegner for å sikra eit estetisk og tiltalande visuelt preg på næringsområdet. Tilkomst til omkringliggjande eigedomar er ivareteke gjennom planframlegget. I samsvar med kommuneplanen sin arealdel vert det òg regulert inn moglegheit for arealkrevjande handel. 

Den nye reguleringsplanen vil erstatta reg.plan 20150003 Bustader på Valland og deler av tilgrensande reg.plan 20100006 Skipadalen-Norheimsund.

Reguleringa er fremja i privat regi av Vetlestien AS v/Jarle Tveiten og Oddbjørn Vestbøstad og utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om off.ettersyn pr brev.

For meir informasjon:

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 19/1573

Via Kvam herad si kartløysing kan du få fram planområdet ved å søkja på Planid 20190011

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 12.05.21.

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

  • Trond Inge Brakestad,  tlf:  56553081   e-post:  trobra@kvam.kommune.no
  • Fellessekreteriatet,  tlf:  56553000   e-post:  postmottak@kvam.kommune.no
Trond Inge Myhre Brakestad
Sakshandsamar
E-post
Telefon 56 55 30 81