Offentleg ettersyn av revidert framlegg til reguleringsplan for bustadområde på Laupsa

Klikk for stort biletePlangrenseI medhald av vedtak i Kvam miljø-, plan- og bygningsutval vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for innspel: 30.06.20

Kvam miljø-, plan- og bygningsutval vedtok den 05.05.20, sak 005/20, revidert framlegg til reguleringsplan for bustadområde på Laupsa.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er bustadområde mellom sjøen og fylkesvegen. Det er arbeidd lenge med å få fram ein reguleringsplan for dette området. For dei som ynskjer nærare innsyn i tidlegare stadium i planprosessen vert det vist til arkivsaknr 05/1326

Eit tidlegare planframlegg var til off.ettersyn sommaren 2017. Motsegner, kulturminne og utfordringar knytt til risiko- og sårbarheit er tilhøve som har ført til ein omfattande planprosess. Revidert framlegg til reguleringsplan er også justert etter arealføremåla i ny arealdel av kommuneplanen som vart vedteken i 2019.

Planframlegget er fremja i privat regi av Hardanger byggsenter AS og utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om off.ettersyn pr brev.

Saksutgreiing og vedtak, MPB-sak 005/20

Plankart

Føresegner

Planomtale

ROS-analyse

Flomfarevurdering

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 16/286

 

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 30.06.20

 

Evt spørsmål kan stillast til;

Sakshandsamar:  Leiv Ingmar Kaale   tlf 56553088   leikaa@kvam.kommune.no 

Fellessekreteriatet   tlf 56553000    postmottak@kvam.kommune.no 

Leiv Ingmar Kaale
Rådgjevar
E-post
Telefon 56 55 31 88