Offentleg ettersyn av framlegg til reguleringsplan for Strandebarm omsorg

Klikk for stort biletePlangrense 20180004I medhald av vedtak i Kvam formannskap vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for innspel er 14.08.20

Kvam formannskap vedtok den 10.06.20, sak 041/20, framlegg til reguleringsplan for Strandebarm omsorg.

På oppdrag for Kvam herad har ABO plan og arkitektur utarbeidd reguleringsplan for Strandebarm omsorg, og arkitektkontoret Holon i samarbeid med Paraplyplan har utarbeidd skisseprosjekt for bygg og uteområde. 

Føremålet med reguleringsplanen er å legga til rette for nye Strandebarm omsorg med tilhøyrande uteareal og teknisk infrastruktur. Vidare legg planen opp til skånsom fortetting av bustadområde på Tangerås med 9 nye bueiningar nært tenestetilbodet i Strandebarm. Planen syner òg grøntområde, samt infrastruktur for veg, parkering, avløp og straum.

Undervegs i planprosessen har det parallelt vore arbeidd med skisseprosjekt for detaljering og utforming av Strandebarm omsorg med uteområde.  Føremålet med reguleringsplanen er å fastsetja dei overordna ytre rammene for bygg og uteområde, samt etablera aktuelle rekkefølge- og kvalitetskrav. Vidare detaljering av både omsorgsbygg, uteareal og bustadområde vert gjort gjennom prosjektering og byggesakshandsaming, og må byggja vidare på dei føringane reguleringsplanen gjev.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om off.ettersyn pr brev.

Saksutgreiing og vedtak, FSK-sak 041/20

Plankart

Føresegner

Planomtale

ROS-analyse

Flaum- og skredfarevudering

Utomhusplan

VA-rammeplan

 

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 18/1147

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 14.08.20

 

Evt spørsmål kan stillast til;

Sakshandsamar:  Trond Inge Brakestad  tlf 56553081  trobra@kvam.kommune.no 

Fellessekreteriatet   tlf 56553000    postmottak@kvam.kommune.no 

Trond Inge Myhre Brakestad
Sakshandsamar
E-post
Telefon 56 55 30 81