Nytt reinseanlegg på Notanes nærmar seg

Delar av arbeidet er nokre veker forseinka. Det er usikkert om dette påvirkar oppstarten, men styringsgruppa tek sikte på offisiell opning i mai.


Styringsgruppa for prosjektet hadde møte tidlegare denne veka, og diskuterte blant anna framdrift og HMT (helse, miljø og tryggleik). Arbeidet med montasje går no over i sluttfasen, og det vert no lagt opp til kontroll og uttesting før oppfylling av anlegget.

I den komande oppstartsperioden kan det førekoma mindre utslepp av lukt, inntil ventilasjonsanlegget er ferdig innstilt og i full drift.

Reinseanlegget på Notanes er bygd for å motta avlaupsvatn frå 16.400 såkalla personekvivalentar. Når anlegget no kjem på plass, peiker styringsgruppa på at det er viktig å også få få plass ombygginga av Tolo reinseanlegg til pumpestasjon og ny avløpspumpestasjon på Evjo i Øystese.

Pumpestasjonen på Tolo skal kunne pumpe avlaupsvatn frå Norheimsund og Kvamskogen. Her er noko førebuande arbeid utført, og ein reknar med montering i løpet av februar og mars. Den nye avløpspumpestasjonen på Evjo skal på si side pumpe avlaupsvatn frå området mellom Øystese-elva og Vik-elva, samt frå Mo, Kjosåslia og mot bosstippen. Her er prosjekteringa i gang.