Nytt kommuneplanutkast klart

25. mars skal formannsskapet på ny diskutera kommuneplanen sin arealdel, i eit ekstraordinært møte. Sakspapira er no tilgjengelege i Kvam herad sin møteportal. 

Klikk for stort bilete

I samband med høyringa på framlegget til ny arealdel til kommuneplanen kom det inn over 400 innspel knytt til føreslegen arealbruk. Det har også kome motsegner frå Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommune, Fiskeridirektoratet, Statens Vegvesen og NVE.

I det nye utkastet er det gjort ei rekkje endringar, blant anna er området sett av til akvakultur ved Kvamsøy justert, fleire område er teke ut av planen av omsyn til automatisk freda kulturminne og byggjegrensa til sjø er justert. 

25. mars skal formannsskapet på ny diskutera saka. På bakgrunn av innspela er ei rekkje endringar gjort i framlegget, og rådmannen føresler å leggja ut den justerte arealdelen for kommuneplanen på ei avgrensa høyring og offentleg ettersyn i seks veker.

Du finn sakspapira i møteportalen