Nytt heradsstyre vert konstituert på tysdag

Tysdag 15. oktober trer det nye heradsstyre saman for fyrste gong. På sakslista står godkjenning av valet val av formannskap, ordførar, varaordførar, samt av medlemer til andre utval.  

Det avgåande heradsstyret hadde sitt siste møte 8. oktober, der dei blant anna diskuterte og vedtok kommuneplanen sin arealdel. Møtet hadde stort oppmøte frå publikum, ikjke minst fordi spørsmålet om eit akvakulturområde ved Kvamsøy har vore gjenstand for mykje diskusjon i det offentlege. Også i heradsstyret vart det ein lang debatt, og dette punktet vart til slutt vedteke i tråd med rådmannen si innstilling, med ei overvekt på ei røyst.

Det avtroppande heradsstyret var derimot samrøystes når det vedtok å starta opp eit prosjekt med mål om å etablera eit produksjonskjøken i kommunal regi innan 1. mars 2022, noko som mellom anna inneber at det vert tilsett ein prosjektkoordinator.

– Det har vore ei glede å få ha det privilegiet å få vera dykkar ordførar og å få lov til å vera kommunen sin framste talsperson utanfor kommunen, sa avtroppande ordførar Jostein Ljones til sist i møtet 8. oktober. – De har vore eit veldig ansvarleg og kjekt heradsstyre å samarbeida med. Litt politiske nappetak skal det vera i eit heradsstyre, me er ulike parti og har ulike meiningar. Eg synest likevel at me har handsama kvarandre med respekt, og vore flinke til å respektera at me er usamde. No ser eg fram til ei ny periode i heradsstyret, men i ei litt anna rolle.

Både desse avsluttande orda og debattane i dei ulike sakene var å sjå på kommune-TV direkte, og ligg no også ute i opptak.

Nyfiken på kven som sit i det nye heradsstyret? Sjå oversikten over heradsstyremedlemene, som du også finn her på kvam.no.