Nye retningsliner for koronatesting

Klikk for stort bileteFor å gjera tilgang til testing for Covid-19 enklare og meir tilgjengeleg kan alle som oppheldt seg i Kvam herad, og som mistenker smitte, ta direkte telefonkontakt med Kvam legevakt for vurdering av test. 

Det er altså ikkje lenger naudsynt å ta kontakt med fastlege for vurdering av test. Ein får tilbod om koronatest dersom ein har akutt oppstått luftvegsinfeksjon med eitt eller fleire av følgande symptom:

  • feber
  • hoste
  • tungpust
  • sår hals
  • bortfall av lukte- eller smakssans
  • generell sjukdomskjensle

Barn under 10 år med lette symptom kan sjå an symptoma nokre dagar før testing. 

Helsepersonell i pasientnært arbeid og som har vore i utlandet, vert også testa, sjølv om dei ikkje skulle ha symptom. 

Dersom ein har vorte testa, vil ein kunna finna prøvesvaret på helsenorge.no så snart det er klårt. Dersom ein får påvist koronasmitte vert ein også kontakta. 

Testkapasiteten i Kvam er no god, og det vert utført ein del testar dagleg. Det har ikkje vorte påvist ny smitte i Kvam no i sommar. Likevel er det bra å testa seg dersom ein har luftvegssymptom som dei nemnde. Medan dei aller fleste prøver vil vera negative (altså: utan påvist smitte), kan ein slik oppdaga smitte tidleg, og hindra smittespreiing.