Ny veg forbi Tokagjel - høyring av planprogram og oppstart planprosess

I samsvar med Plan og bygningsloven §§ 3-7, 11-1, 11-12 og 11-13 varslar Statens vegvesen med dette om oppstart av arbeid med kommunedelplan for fylkesveg 7 forbi Tokagjelet i Kvam herad. Samstundes vert det også varsla om at forslag til planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn. Innspelsfrist: fredag 22. juni.

  • Forslag til planprogram
  • Informasjonsmøte om planoppstart og planprogram:
    • torsdag 7. juni kl. 1730
    • Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Tokagjelet planområde - Klikk for stort bilete Dagens veg gjennom Tokagjelet er svært skredutsett og det skal byggast ein ny veg i tunnel for å løysa skredproblematikken. Gjennom kommunedelplanen skal traséen til denne tunnelen avgjerast

Statens vegvesen gjennomfører planarbeidet etter bestilling frå Hordaland fylkeskommune, som er vegeigar. Planlegginga skjer i samråd med Kvam herad og Samnanger kommune som er planmyndigheiter.

Dersom du har innspel til planoppstarten og/eller forslag til planprogram skal desse sendast Statens vegvesen Region vest, seinast fredag 22. juni.
Bruk e-post: firmapost-vest@vegvesen.no
Eller post: Postboks 43, 6861 Leikanger
og syn til saksnummer 17/52750.