Ny koronasmitte i Kvam, og oversikt over tiltak

Klikk for stort bileteEin lærar ved Kvam ungdomsskule har fått påvist koronasmitte. Det medfører at ein klasse og lærarteamet på 10. trinn vert sett i karantene. 

Smittevegen er kjend, og smittesporingsarbeidet er i gang. Då lærarteamet på 10. trinn vert sett i karantene, vil det påverka tilgangen på lærarar på skulen. Difor vil også dei resterande 10. klassane ved Kvam ungdomsskule få nettbasert undervisning i karanteneperioda, det vil seia dei neste ti dagane.

Kvam herad vil oppmoda ungdom i den aktuelle aldersgruppa til å redusera sosial kontakt i dei neste to vekene.

Heradet kjem med munnbindråd

Kvam herad går også ut med ei oppmoding om å bruka munnbind både på offentleg transport og i butikkar og liknande, dersom det ikkje er mogleg å halda meir enn ein meters avstand. Rådet når det gjeld offentleg transport gjeld både til Bergen, til Bergen sine nabokommunar og innad i Kvam. Det omfattar også skuleskyss, men born i barneskulealder er unnateke.

Utover dette gjeld følgande råd og oppmodingar, i lys av smittesituasjonen i Bergen og omegn:

  • I botn ligg nasjonale tiltak, sjå eigen artikkel om desse, og meir informasjon på regjeringen.no.
  • Frå 9. november har Kvam herad rådd frå arrangement med meir enn 20 deltakarar, med mindre det er arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete og det elles er mogleg å følgje generelle smittevernråd. Kvam herad rår også frå private festar, men for gravferder, bryllaup og dåp / namnedag gjeld nasjonale reglar. Dette tiltaket vil no gjelda i ytterlegare 14 dagar, fram til 7. desember.
  • Frå 9. november vart det rådd til 14 dagars pause i fritidsaktivitetar for vaksne, som korps, kor og treningar i lagidrett. Dette tiltaket vil no gjelda i ytterlegare 14 dagar, fram til 7. desember.
  • Dersom du er busett i Kvam, men jobbar i Bergen eller ein av nabokommunane til Bergen, og kan ha heimekontor, vert du oppmoda til å ha dette. 
  • Dersom du bur i Bergen eller ein av nabokommunane, men jobbar i Kvam, og kan ha heimekontor, vert du bedd om å ha heimekontor.

Avgrens besøk på sjukeheimane

Kvam herad gjev følgande råd når det gjeld besøk på sjukeheimar og andre institusjonar: 

  • Det vert oppmoda til å avgrensa mengda besøk. 
  • Pårørande som bur i Bergen eller nabokommunane, eller i andre kommunar med høgt smittepress, vert rådd frå å gjennomføra besøk den næraste tida. 
  • Elles gjeld dei eksisterande retningslinene, sjå eigen artikkel.

Råd til deg med fritidseigedom i Kvam

Regjeringa rår til at alle unngår unødvendige fritidsreiser. Det vert likevel understreka at reiser til fritidseigedomar er unnateke dette rådet, dersom dei kan gjennomførast utan kontakt med andre. Du er med andre ord hjarteleg velkomen til å nytta hytta di eller annan fritidseigedom du har i Kvam, gitt at du besøker denne saman med andre du har kontakt med til vanleg, til dømes familie.

Frå nasjonalt hald vert det også rådd til at du handlar inn før du dreg på hytta. Har du hytte på Kvamskogen, er vårt råd at du unngår handel i Norheimsund og Øystese. Oppsøker du likevel butikkar i Kvam er det viktig å ta dei generelle smittevernråda i vare: hald avstand til andre og hugs på god hand- og hostehygiene! Bruk også munnbind på butikkane, dersom det ikkje er mogleg å halda meir enn ein meters avstand til andre. 

I ljos av den noverande smittesituasjonen er det også tilrådeleg at du som vitjar Kvam unngår restaurantbesøk og fritidsaktivitetar som kan innebera auka sosial kontakt.