Ny helse og omsorgssjef

 Terje Langeland har takka ja til stillinga som ny helse- og omsorgssjef i Kvam herad.

Terje er 44 år og utdanna sosionom med vidareutdanning innan helseleiing. Terje har lang leiarerfaring innan sosialt arbeid, og særleg frå NAV-systemet. Han kjem frå stillinga som NAV-leiar i Kvam, som han har hatt sidan 2014, og sit i dag i leiargruppa til helse- og omsorgseininga. Terje er såleis godt kjent både med eininga og resten av organisasjonen. Som leiar for den statlege delen av NAV i tillegg til den kommunale, har Terje likevel med seg eit "blikk utanfrå". Han tek med seg erfaring frå å leia ei verksemd som har fokus på m.a. rekruttering, sjukefråvær, integrering, målemetodikk og kontinuerleg forbetring, saman med både overordna og tverrfagleg forståing. Dette ser me fram til å nytta i ny samanheng, som leiar for å ei spennande eining med mykje kompetanse. Terje har eit heilheitleg perspektiv, som vil koma godt med i realiseringa av kommunen sine planar og visjonar for å vidareutvikla tenestetilbodet i helse- og omsorgseininga.

Tilbodet til Terje vart gjeve etter ein grundig prosess med støtte frå rekrutteringsbyrået Visindi, der 12 søkjarar var med frå starten. 

Oppstartstidspunkt er ikkje avklara endå.