Norskkurs, nivå B1 - B2

Vaksenopplæringa i Kvam har i gang norskkurs for deg som ynskjer å ta nivå B2.

Klikk for stort bilete  

Det er undervisning to timar i veka på Vaksenopplæringa i Norheimsund, i tillegg krevst det at du jobbar med nettressurs mellom samlingane.

  • Tid: Tysdagar kl. 13.00 -14.30
  • Stad: Vaksenopplæringa i Kvam, Norheimsund
  • Pris: Kr 3500,- for samlingar våren 2022. Nettressursen Norsk Pluss B2 og undervisning er inkludert i prisen. For elevar med rett og plikt etter introduksjonslova / integreringslova er kurset gratis. Kurset er i gang, men det er mogleg for nye elevar å melda seg på.

Meld frå til Vaksenopplæringa snarast om du ønskjer å delta.

Epost: kjegjo@kvam.kommune.no   Ta eventuelt kontakt på tlf 918 15 847 for meir informasjon.

Om kurset: På kurset er det fokus på lese- og lytteforståing, grammatikk og skriftlege oppgåver, dette får du jobbe mykje med på nettressursen. I klasserommet vert det gjennomgang av tekstar og grammatikk, samt munnleg trening. I tillegg skriv du tekstar som du sender til lærar. Du vil få tilbakemelding på kva du må gjera for å løfte teksten opp til B2 nivå.

Kven passar kurset for? Du bør vere på B1 nivå skriftleg og munnleg for å ha utbyte av kurset. Er du usikker på nivået ditt kan du gjennomføra ei kartleggingsprøve før oppstart (pris 100 kroner). Meld frå ved påmelding om du ønskjer kartlegging.