No kan innbyggjarar i Kvam søkja sosialhjelp digitalt

Pixabay / sasint Innbyggjarane i Kvam herad kan no velja å søkja sosialhjelp digitalt istadenfor på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggjarane kan søkja heimefrå heile døgeret.

NAV har digitalisert fleire tenester, og det er no mogleg å søkja om sosialhjelp digitalt på nav.no for innbyggjarar i dei kommunane som har teke i bruk den nye løysinga. Blant dei er Kvam.

- Innbyggjarane forventer at også sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier Terje Langeland, leiar for NAV Kvam. 

For å søkja sosialhjelp digitalt må ein logga seg inn på "Ditt nav" på nav.no, ved hjelp av BankID eller andre tryggleiksløysingar. 

- Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringa NAV sitt kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Ein kan også få hjelp på NAV-kontoret, seier Langeland, som understrekar at søkjarar som av ulike årsaker ikkje kan eller vil nytta seg av den digitale løysinga fortsett kan møta opp på NAV-kontoret eller nytta seg av papirsøknad.

Erfaringane frå dei kommunane som tidlegare har teke løysinga i bruk er gode, og viser at mellom 30 og 50 prosent av brukarane vel å søkja digitalt.

For meir informasjon: Sjå sida om økonomisk sosialhjelp