NINA ynskjer informasjon om gamle demningar

Morten Andre Bergan/NINA. Nytta med løyve.

Små bekkar og elver er viktige gyte- og oppvekstområde for fisk. NINA (Norsk institutt for naturforskning) ber no om hjelp frå lokalkjente for å kartleggja dammar som ikkje lenger er i bruk.

På nettsidene sine skriv NINA at små bekkar og elver har ei svært viktig økologisk rolle som gyte- og oppvekstområde, ikkje berre for fisk, men også for ulike virvellause dyr, for fuglar og for pattedyr.

Demningar fungerer som eit vandringshinder eller ei barriere. Det fører til at viktige fiskeartar mister tilgang til gyte- og oppvekstområde. NINA arbeider no med å få oversikt over gamle demningar som ikkje lenger er i bruk og som kan fjernast, eller som treng oppgradering, slik at fisk kan vandra forbi. 

Du kan lesa meir om dette arbeidet på NINA sine eigne nettsider. Om du veit om demningar som ikkje lenger er i bruk, kan du svara på spørjeundersøkinga deira ved å trykkja her