Netto driftsresultat på 4,7 % for 2018

Årsrekneskapen for 2018 er ikkje ferdig revidert, men førebels resultat viser eit netto driftsresultat på 41,3 mill.kr. 

Pixabay / Steinar Hovland

Resultatet er om lag 21,7 mill.kr betre enn i 2017 og 12,7 mill.kr betre enn justert budsjett for 2018. 

Det er ein stor vekst i inntekter, og kommunen fekk om lag 877 mill.kr i driftsinntekter i 2018, som er 61,5 mill.kr meir enn året før og 26,5 mill.kr høgare enn budsjettert. Auken i inntekter kjem hovudsakleg frå auke i kraft- og skatteinntekter, men det er òg ein auke i refusjonsinntekter.

Noko av auken i inntekter er knytt til auke i utgifter, og brutto driftsutgifter enda på 846 mill.kr, 50 mill.kr høgare enn i 2017 og 16 mill.kr meir enn budsjettert. Den førebelse rekneskapen viser at rammene i pleie og omsorg ikkje er haldne. I tillegg er det auke i straumutgifter på grunn av høgare kraftprisar og auke i sosialhjelpsutbetalingar. I andre tenester er det underforbruk. 

I 2018 vart det bestilt ein analyse av PLO-tenestene som vart utført av Agenda Kaupang, sjå lenkja til eigen artikkel: https://www.kvam.no/aktuelt/radmannen-trong-for-strukturendring.25877.aspx. Rapporten skal handsamast i komande møtebolk, sjå møteplan. 

Meir detaljar om årsrekneskapen vert lagt fram etter at den er ferdig revidert, til FSK-møte 24. april og HST-møte 7. mai. 

Det gode resultatet medfører at disposisjonsfond kan aukast med 30 mill.kr til over 80 mill.kr og bundne fond med over 10 mill.kr. I tillegg er det eit førebels udisponert overskot på 1,3 mill.kr.