Nedbrenning av gamle Steinsdalen skule

Det er gjeve løyve til ny eigar av skulen å riva den eldste bygningen. Kvam brann og redningsteneste har teke på seg dette ved kontrollert nedbrenning. Den vil gå føre seg 1. september.

Slike oppdrag - med ei mest mogeleg realistisk øving - gjev brann og redningstenesta verdfull erfaring for å kunna gjennomføra ein god, relevant og målretta innsats når nokon vert råka av brann. 

Alle sider ved helse, miljø og tryggleik vil verta teke omsyn til i samband med oppdraget. Dette inneber mellom anna at tilskodarar må retta seg etter dei instruksar som personell frå brann og redningstenesta vil finna naudsynleg å gje.

Nedbrenninga vil føregå laurdag 1. september frå klokka 0700 og heilt fram til nedbrenninga er gjennomført. Naturleg nok må ein forventa ein god del røyk i nærmiljøet og elles utover, avhengig av vind og vindretning.