NAV Vestland søker prosjektleiar til regionalt utviklingsprosjekt

Klikk for stort bilete NAV Sogn og Fjordane og NAV Hordaland slo seg saman til NAV Vestland frå 1. januar 2019. Eit av hovudmåla er å flytta oppgåver, ressursar og kompetanse ut i organisasjonen. Det skal etablerast ni regionar, der kvar av desse skal vere fagleg sjølvstendige. 
 

I samarbeid med kommunane skal det settast i gang utviklingsprosjekt i kvar region, inklusive region Voss / Hardanger. Prosjektperioden er inntil tre år og vil bli gjennomført som eit kontinuerleg forbetringsprosjekt.

Stillinga som prosjektleiar rapporterer til leiar for avdeling for samfunnsutvikling i NAV Vestland.

For meir informasjon og utlysing, sjå Webcruiter.