NAV Kvam inviterer til frukostmøte

Klikk for stort bilete Arbeid og psykisk helse står på agendaen då NAV Kvam inviterer til frukostmøte 26. april. Målgruppa er leiarar, tillitsvalde og verneombod i alle verksemder.

Tid: fredag 26. april 08.30 - 11.00
Stad: Thon Hotel Sandven, Norheimsund

I likskap med sjukefråverstala på nasjonalt nivå skuldast 20 prosent av fråveret i Kvam psykiske helseutfordringar. 

På frukostmøtet set me arbeid og psykisk helse på dagsordenen. Målet er å auka kjennskapen til korleis psykiske helseproblem kan påverka arbeidsevna. Lær om gode grep du kan nytta i di verksemd for å bidra til jobbmeistring og inkludering, samt til å motverka utstøyting og sjukefråver. 

Kurshaldar er IA-rådgjevar Abbas Sharifian frå NAV Arbeidslivsenter Vestland. 

Frukost frå 08.30. 

Påmelding kan gjerast på NAV sine nettsider.