Dei 2 områda som i kartet (JPG, 528 kB)er merka som Furedalsskaret og Furuli inngår pr i dag som 1 adresseparsell og har namnet Furedalsskaret. Med mål om ei meir oversiktleg adressering har Kvam herad valgt å dela denne adresseparsellen i 2. Vestre adresseparsell held fram å heita Furedalsskaret og for austre adresseparsell er nameforslaget Furuli, jf illustrert i kartet.
Grunngjeving namneforslag:
Kvam herad ynskjer å ta utgangspunkt i lokale stadnamn for nye adressenamn på Kvamskogen. I dette arbeidet har ein hatt kontakt med lokalkjende i området, men ein har ikkje funne nokon lokale stadnamn brukt om området. Ein eigedom i området som vart frådelt i 1942 fekk namnet Furuli. Området ber også i dag preg av å vera ei furuli, difor har ein valgt å føreslå Furuli som adressenamn på den nye adresseparsellen.
Høyring og vedtak:
Namneforslaget Furuli er sendt på høyring til grunneigarane innanfor den aktuelle adresseparsellen og Språkrådet - statens forvaltningsorgan for språk
- Innspel om namneval og skrivemåte må leverast innan 16.04.23
Mottekne innspel vil verta vurderte i samband med at Kvam herad v/rådmannen skal gjera vedtak om adressenamn. Vedtak adressenamn og informasjon om klageadgang vil verta kunngjort på Kvam.no
Tidspunkt for omadressering/tildeling av ny vegadresse:
Etter at adressenamna er vedtekne skal Kvam herad senda ut informasjonsbrev om nye/endra vegadresser til alle som har eigedom innanfor dei aktuelle adresseparsellane.
Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon ta kontakt med:
Heidi Ørjansen Tlf. 905 41 203 E-post: heiorj@kvam.kommune.no