Mykje regn i vente! Slik kan du unngå skader.

Det er varsla mykje regn helga 13. - 14. oktober, opp mot 180 mm på 48 timar. På varsom.no er det lagt ut varsel om flomfare på oransje nivå. Her får du nokre tips om korleis du kan unngå skader. 

Nedbøren vil koma som regn høgt til fjells, og der det ligg snø vil snøsmelting bidra til auka vassføring. I dei områda som får mest nedbør kan små bekkar og elver nå flomvassføring på oransje nivå i periodar med kraftig nedbør. 

Varsom.no melder at nedbørsmengdene kan føra til oversvømmingar, erosjonsskader og flomskader på utsette stader. 

Nokre enkle tips:

  • Regnvatnet kan ta med seg gjenstandar som kan koma til å tetta avløpssystemet. Tenk difor på å rydda vekk ting, skrot og kvistar som lett kan verta tekne av vassmassene.
  • Syt for at avløp og kummar ikkje vert demma opp.     
  • Vatnet tek alltid enklaste vei. Om du har problem med vatn i kjellaren eller på uønska stader, bør du difor gå gjennom hagen eller området rundt huset, og leia vatnet "rett" veg, utan å laga trøbbel for naboen. Det er litt jobb, men vel verdt innsatsen.
  • Ver varsam. Varsom.no rår til at ein heldt seg unna bekker og elver med høg vassføring.

Kven har ansvaret?

Privateigedom er eigaren sitt eige ansvar, og eigar må sjølv sikra eigendomen mot eventuell fåre for naturskade. Kommunen har ansvar for kommunale eigedomar, kommunale vegar og kommunalt vass- og avløpsnett.

Ved akutte feil eller fare for skade på privat eller kommunal eigedom grunna overvatn, flaum, ras eller liknande, ta kontakt med teknisk vakt på telefonnummer 56 55 34 00. 

Vêrvarsel

Nedanfor finn du vêrvarsel for dei neste 48 timane frå yr.no.