Sakslista er å finna på lenka her.
Der finn ein mellom anna saka om Fritidserklæring for Kvam.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kvam heradsstyre vedtek fylgjande fritidserklæring for Kvam:
«Fritidsarenaen i Kvam er tilgjengeleg for alle barn og unge, slik at dei får delta i fellesskap som gjev tilhøyrsle, meistring og glede. Barn og unge skal vera med på å påverka den lokale fritidsarenaen, slik at alle har moglegheit for å velja fritidsaktivitetar - organiserte og ikkje-organiserte - som passar deira alder, interesser og ferdigheiter. Fritidsarbeidet i Kvam fremjar trivsel, gode sosiale forhold og skal bidra til god helse hjå barn og unge. Kvam herad har ei rekkje konkrete tiltak og ordningar som bidreg til å oppfylla krava i denne erklæringa.»
Meir informasjon om saksliste og dei ulike sakene finn du i lenka over.
Ynskjer du å følga med, finn du Kommune-TV ved å klikka her.
Der vil det også verta gjort tilgjengeleg opptak i etterkant av møtet.