Minner om forbod mot open eld

Det fine sommarværet held fram, og aukar faren for skogbrann i Kvam. Me minnar difor om at det er eit generelt forbod mot å gjera opp eld i skog og anna utmark i tida fram til 15. september. 

Fram til det har kome rikeleg med nedbør, vil det vera fare for skogbrann, særleg i periodar med sterk vind. 

Her kan du finna indeks for skogbrannfare: https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Ved open eld utan løyve/varsel, som medfører unødig utrykning, må ein rekna med å verta ilagd gebyr som dekker brannvernet sin kostnad med utrykninga. 
Vakttelefonen til brann og redningstenesta er 948 48 110.

Det er lov å bruka gass- eller elektrisk grill heime ved bustaden, men me minner om eigenansvaret og oppmodar alle til å tenkja brannførebyggjande ved aktvitetar og ferdsel utandørs.