Miniseminar om miljøomsyn ved inngrep i vassdrag

Kvam herad og COWI AS inviterer til miniseminar ved inngrep i vassdrag. Seminaret vil gå føre seg tysdag 18. juni i heradsstyresalen på Rådhuset i Norheimsund, frå klokka 8.30 til 11.30.

Klikk for stort bileteElvebotn frå Nordalselva Nina Værøy, COWI
 

Dette er eit kort seminar som set ljos på viktige spørsmål i samband med planlegging og gjennomføring av fysiske tiltak i vassdrag. Korleis "verkar" eit vassdrag, og korleis vert vassdraget påverka av fysiske inngrep? Kva skjer i elva i ein anleggsfase? Kva seier regelverket, kva er søknadspliktig? 

Me vil gå gjennom døme på tiltak og diskutera aktuelle rutiner.

Målgruppa for denne versjonen av seminaret er kommunar, gjerne representantar frå både planavdelingar og teknisk drift, men også planleggjarar og entreprenørar, grunneigarar, lag og foreningar. Seminaret er gratis.

Innhald: 

  • Lynkurs i vassdragsøkologi
  • Kort innføring i regelverket
  • Eksempel / framlegg til rutiner

Kvart avsnitt består av ein innleiiande presentasjon, påfulgt av ein runde med spørsmål og diskusjon.
Klikk for stort bilete