Miljøtilstanden i elver vert målt

Klikk for stort bileteVassområdekoordinatoren ved Statsforvaltaren skal gjennomføra undersøking av miljøtilstanden i utvalde elver, også i Hardanger. Det er Faun Naturforvaltning AS som utfører jobben, som starta opp 13. juni.

Etter planen skal dei halda på med arbeidet i periodar fram til og med november. Faun skal samla inn vassprøver og prøver av botndyr og begroingsalgar på eigna lokalitetar i utvalde elver.

Kvam herad deltek saman med fleire andre kommunar i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) om å undersøkja elver. Dette vil visa miljøtilstand og gje ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. 

Følgande stader i Hardanger vassområde inngår i arbeidet:

  • Utløp frå Tørvikvatnet
  • Steinsdalselva (oppe)
  • Granvinselva, ved utløp Granvinsvatnet
  • Storeskorbekken - Katteråa
  • Storelva Monsvatnet - Skjervsfossen, ved utløp Moensvatnet