Kvemmingane gav 413.523 kroner til TV-aksjonen

I Kvam herad vart det gjeve 48,91 kroner per innbyggjar til årets TV-aksjon. Det er 2,75 kroner over landssnittet. Brorparten av pengane vart samla inn av bøsseberarar.

Det kom også inn 15.000 kroner frå Kvam herad, 10.000 kroner frå Lingalaks AS og 2.000 kroner frå Tingbakken AS, ifølgje oversikten på giverstafett.no.

Årets TV-aksjon var til inntekt for Kirkens Bymisjon. Du kan lesa meir om aksjonen på nettstaden blimed.no. Dersom du ikkje fekk gjeve pengar til bøsseberarar, kan du også gje ditt bidrag der.

Den kommunale aksjonskomiteen takkar for bidraga.