Kvam på fritidsseminar i Alta

Ein liten delegasjon frå Kvam herad er no i Alta for å delta på og ha innlegg under eit seminar i nettverket «Aktiv fritid for alle».

Klikk for stort bilete

«Aktiv fritid for alle» er eit læringsnettverk for kommunar, fylkeskommunar og lokal frivilligheit, med mål om å sikra flest mogleg barn og unge deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. Nettverket deler også erfaringar og gode døme på ungdomsmedverknad. Arbeidet med nettverket er knytt til Fritidserklæringa, som vart signert på nytt i august.

Det er KS, Bufdir og Frivillighet Norge som er ansvarlege for nettverket og arrangørar for samlinga. Dei har invitert Kvam herad til å fortelja korleis me arbeider med inkluderande fritid og ungdomsmedverknad i kommunen vår.

Kvammadelegasjonen i Alta består Kristin Lundblad, fritidskoordinator i Kvam, Ingunn Hildonen Teigland, prosjektleiar for BTI og oppvekstplanen, i tillegg til Daniel Olsen og Brigt Botnen frå Kvam E-sport. Dei to sistnemnde skal halda eit innlegg om korleis e-sport-klubben vart til og om korleis han i dag vert driven av ungdomar; eit godt døme på ungdomsmedverknad i praksis.

Kristin Lundblad skal ta føre seg korleis Kvam over tid har jobba tverrfagleg med inkluderande fritid for barn og unge, med hovudfokus på prosessane rundt fritidskortprosjektet. – Me ynskjer å formidla dei gode erfaringane våre i Kvam med å ha tilbod som femner alle: Det at tilboda er universelle og tilgjengeleg for alle, gjer at ein også kan nå fram til barn og unge som opplever dei størst barrierane for deltaking, seier Kristin Lundblad.

Ingunn Hildonen Teigland skal fortelja om medverknadsprosessen knytt til den komande oppvekstplanen, og om korleis planen skildrar fritida som ein viktig del av gode oppvekstvilkår for barn og unge. 

Fritidsarbeidet i Kvam har som mål at alle skal verta inkluderte og få delta i fellesskap der dei kan få oppleva tilhøyrsle, meistring og glede. Fritid er ein svært viktig arena for trivsel i kvardagen, og kan verka inn både på helse og på skuleprestasjonar. Me veit at det har vore nedgang i deltaking i fritidsaktivitetar gjennom koronatida, både nasjonalt og lokalt. Fritidsbarometeret 2022 syner at barn og unge i ein fjerdedel av husstandane i Noreg slutta med faste fritidsaktivitetar, og berre ein tredjedel av dei som slutta, er komne tilbake. Me veit også at barn og unge frå familiar med mindre sosioøkonomiske ressursar deltek mindre i organiserte i fritidsaktivitetar. 

Innsats for å inkludera alle er derfor eit viktig utjamnande tiltak for å gje alle like moglegheiter til meistring, glede og utvikling. I lys av dette er arbeidet i nettverk som «Aktiv fritid for alle» ekstra viktig.

–  Det er gjevande å få innblikk i korleis det vert jobba mot utanforskap og for inkludering i andre kommunar. Og så er det jo ekstra stas å få spørsmål om å vera med og bidra til nettverket med innlegg. Arrangørane har gjeve oss tilbakemelding på at Kvam er ein kommune som over tid har gjort mange gode grep når det gjeld inkludering av barn og unge, seier Kristin Lundblad.