Kunngjering av godkjend reguleringsplan for Longelia på Kvamskogen

Den 26. mars vedtok Heradsstyret reguleringsplan for Longelia på Kvamskogen.  Vedtaket vert kunngjort gjennom brev til partar, gjennom avisannonse og på internett.

Klikk for stort bilete

Kvam heradstyre vedtok den 26.03.2019,sak 004/19, reguleringsplan for Longelia på Kvamskogen.

Planen er fremja av Olav Skeie Lid, og er utarbeidd av Geoplan AS.  

Reguleringsplanen legg opp til 36 nye tomter for fritidsbustad med utnyttingsgrad i samsvar med kommunedelplan for Kvamskogen.  Det vert i tillegg regulert turvegar, køyrevegar, parkering, skiløyper og grøntareal med meir.  Vidare vert òg utnyttingsgraden for eksisterande fritidsbustader auka til 150 m² bruksareal.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr brev.

Klikk for stort bilete

Plankart

Føresegner

Saksutgreiing

Trekt motsegn

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsakene 16/250 og 06/669

Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.

Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven.

Vedtaket om godkjend regulering vert kunngjort i Hordaland Folkeblad den 12.04.2019. Frist for å koma med klage er 3 veker frå kunngjeringsdato, 06.05.2019.

Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar i saka;

  • Trond Inge Brakestad tlf 56553081  e-post trobra@kvam.kommune.no   el.
  • Fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no