Kulturprisen 2019

Kvam herad vil som tidlegare år dela ut Kvam herad sin kulturpris til ein person eller institusjon/organisasjon som har utført framifrå kulturarbeid i Kvam. Kom med framlegg til kandidatar!

Klikk for stort bilete

Prisen skal vera ein honnør for eit langvarig frivillig kulturarbeid i Kvam herad, eller for stor innsats innan eit meir avgrensa kulturprosjekt. 

Framlegg til kandidatar kan sendast Kvam herad, kulturkontoret, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller på e-post  postmottak@kvam.kommune.no innan 30. juli 2019. Merk framlegget med saksnummer 19/934. Alle framlegg vert handsama konfidensielt. 

Du finn informasjon og oversikt over tidlegare vinnarar på kultureininga sine nettsider.