Korleis få til god tilvenning i barnehagen?

Det er tid for barnehagestart, og det er nok mange foreldre og born som har kjend på at den fyrste tida i barnehagen har vore krevjande. I denne artikkelen får du nokre tips om korleis tilvenninga kan verta så god som mogleg.

OpenClipart-Vectors / Pixabay

Målet med tilvenninga er å gjera både born og foreldre så trygge på barnehagen at dei opplever at det er greitt å skiljast. Frå fyrste dagen vert det gjort eit arbeid i barnehagen for å syta for at borna vert trygge i dei nye omgjevnadene sine. Kor lang dette tek, er ulik frå born til born og frå familie til familie.

Her i Kvam herad får alle eit velkomstbrev med plan for tilvenning. Tipsa nedanfor er meir generelle.

Dei fyrste dagane

På dei fleste arbeidsstader har foreldra rett til tre dagar permisjon med løn i samband med tilvenning av barn i barnehage, og det kan vera lurt å setja av desse dagane. Det gjeld særleg for dei yngste borna. I ein artikkel på barnehage.no skriv Lill-Tone Hansen i Hannestad barnehage i Sarpsborg meir om desse fyrste dagane. Tipsa hennar er verdt å gjenta også her:

  • Dag 1 (ein til tre timar): Den fyrste dagen i barnehagen er det best om foreldra heldt seg i nærleiken av bornet, og også er tilgjengelege heile tida. Det er også ein god idé at dei deltek aktivt i introduksjonen av det nye miljøet. Dei som jobbar i barnehagen har også nytte av å sjå bornet i samspel med foreldra. Det kan fortelja dei om bornet sine vaner, og om kva måte bornet kommuniserer på. At personalet kjenner til dette vil kunne gjera dei seinare kvardagane i barnehagen betre.
  • Dag 2 (to til fem timar): Denne dagen er det bra om personalet overtek meir av ansvaret for bornet, slik at tryggleik og tillit kan skapast i dette samspelet. Dersom personalet opplever det som trygt for bornet, kan det også vera tid for å forlata bornet åleine saman med dei. Den andre barnehagedagen kan òg vera ein god dag for ei samtale mellom foreldra og barnehagen, der ein også kan planleggja korleis den tredje dagen skal vera, alt etter kor godt tilvend bornet allereie er.
  • Dag 3 (fire - seks timar, etter avtale): Det kan vera tid for å forlata bornet i barnehagen. Kor lenge ein skal vera vekke vert avtale på førehand, men det kan vera lurt å vera vekke så lenge at bornet har rukke å både eta, sova og leika. Samstundes er det viktig å vera tilgjengeleg, slik at barnehagen lett kan koma i kontakt.

Hansen peiker på at mange foreldre også kan oppleva det vanskeleg å overlata bornet til vaksne dei kkje sjølv kjenner. Det er vanleg å kjenna på ei viss uvisse på om ein gjer det rette for bornet, eller på om bornet vil trivast i barnehagen. At born gret er også en del av tilvenninga, her er dei vaksne i barnehagen trygge, og de kan stola på dei at dei tek godt hand om bornet. Som regel går gråten fort over. Mange barnehagar har som praksis å ringja foreldra etter ei stund, for å fortelja korleis det går.

Ein mjuk start

Hugs på at det kan vera ein stor overgang for bornet når det går frå å vera åleine saman med foreldre til å byrja i barnehage, der det er fleire born, vaksne og mengder av inntrykk. Då er det flott om barnet kan få ein mjuk oppstart. Det kan også henda at ein merker reaksjonar heime, til dømes at bornet er meir trøytt eller klengete enn elles. Det kan også koma reaksjonar seinare. Hugs på at det som regel går seg veldig greitt til: Borna kjem inn i sine nye rutiner.

Kvam herad ynskjer både born og foreldre lukke til med barnehagestart!