Kommunedelplan for ny Fv49 ute til gjennomsyn

Kommunedelplanen for ny fylkesveg 49 forbi Tokagjelet ligg ute til offentleg ettersyn fram til 23. november 2019.

Klikk for stort bilete  

Statens vegvesen har i samarbeid med fylkeskommunen og kommunane Kvam og Samnanger utarbeidd forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for å fastlegge trase for ny fv. 49 forbi Tokagjelet. Alternativa omfattar strekninga mellom Steinsdalen og Frøland.

Kommunedelplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 7. oktober til 23. november 2019, og me ber om eventuelle merknader til planen. Sjølve framlegget til kommunedelplan kan du lasta ned gjennom å klikka på denne lenkja (PDF, 9 MB)

Plandokument, konsekvensutgreiing, delrapportar og illustrasjonar finn du også på:

Ope møte / kontordagar

Det blir arrangert kontordagar og opne møte i kommunane for å informere om planen:

Kvam, torsdag 31.oktober

  • Kl. 12–15 Kontordag, på rådhuset i Norheimsund.
  • Kl. 18–20 Informasjonsmøte i Norheimsund, på Norheimsund skule

Samnanger, tysdag 5.november

  • Kl. 13-15 Kontordag, kommunehuset
  • Kl. 19–20 Informasjonsmøte, Biblioteket på Bjørkheim

Merknader til planen kan sendast til Statens vegvesen innan 23.november 2019.

Send merknadane skriftleg anten på e-post til Statens vegvesen, eller med post til 

Statens vegvesen Region vest
Postboks 43
6861 Leikanger

Merk e-post og/eller brev med «Tokagjelet»

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-2 og 11-14. Planen blir utarbeidd etter § 3-7.

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kan rettast til: 

Statens vegvesen

Kontaktpersonar i kommunane og fylkeskommunen