Komfyrvakt kan redda heimen din

Klikk for stort bilete Arthur Strømme, KVBR Komfyrbrannar er den klart største årsaka til brann i heimen. Heile 50 prosent av utrykkingane til brannar i Hordaland i fjor skuldast komfyren. Ein komfyrvakt kan hindra slike hendingar.

Dei fleste komfyrbrannane kjem av menneskelege feil og ikkje tekniske feil ved komfyren. - Ingen av oss tek skade av å venta litt på at du skrur av plata, men mange kan verta skadde dersom du gløymer det, seier Arthur Strømme i Kvam brann- og redningsteneste. - Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og dersom det vert lagd opp ny kurs til komfyren. Dei samme reglane gjeld for fritidsbustad. Komfyrvakt får du kjøpt hjå elektro-butikker, hjå fleire kjøkkenbutikkar og på nettet.

Komfyrvakten passar på

Klikk for stort bileteKomfyrvakt Arthur Strømme, KVBR Ved å installera komfyrvakt kan du hindra komfyrbrann. Komfyrvakta er samansett av ein sensor, som vaker over komfyrtoppen, og ein straumbrytar. Dersom sensoren oppdagar fare for brann - registrerer faretruande høg temperatur - utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til brytaren om å kutta straumen til komfyren.

Strømme gjev følgjande råd: - Vert verande i nærleiken av komfyren under matlaginga, skru av eller demp varmen dersom du vert avbroten i matlaginga. Reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen.

Landsomfattande kampanje

Komfyrvaktkampanjen er landsomfattande og del av ei nasjonal satsing på målretta brannførebyggjande arbeid mot risikoutstette grupper. Det lokale elektrisitetstilsynet/Kvam Kraftverk og Kvam brann- og redningstenesta vil delta i denne kampanjen i år òg.  Fyrst ynskjer me å møta folk som er ute på handel i Øystese, komande torsdag den 14. februar, seinare vil me informera  i nokre av pensjonistlaga.

http://www.sikkerhverdag.no/  finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og elles andre tiltak som vil betra branntryggleiken.

Dersom du ynskjer meir informasjon om komfyrvakt, ta kontakt: 

  • Gunnar Mundheim, Tilsyn/kundeservice, Kvam kraftverk, 994 99 975
  • Arthur Strømme, Kvam brann og redningsteneste, 957 21 206