Jodtablettar - ein del av eigenberedskapen

Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. Myndigheitene tilrår at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring.

Jodtablettar står på lista over kva ein bør ha lagra heime. Lista finn du i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sin kampanje for eigenberedskap som nyleg vart lansert. Der finn du også andre tips til kva du bør ha eit lager av heime. 

Ifølgje Statens Strålevern tilseier dagens trusselbilete at jodtablettar kan verta aktuelt over heile landet, som tiltak ved atomhendingar. Dei syner til at europeiske kjernekraftverk eldast, og at risikoen for alvorlege ulukker difor går opp. Dei peiker også på aukande ferdsel med reaktordrivne fartøy lang norskekysten. 

Kvifor ta jodtablettar?

Dersom det blir eit utslepp av radioaktiv jod, kan jodtablettar verta eit av dei beskyttande tiltaka myndigheitene tilrår. Ved ei atomulukke kan radioaktivt jod bli spreidd via luft og takast opp i skjoldbruskkjertelen frå ureina luft, eller ureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod minskar risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar beskyttar kun mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil to døgn. Difor er det viktig å ha tablettar lagra heime.

Les meir på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine nettsider.

Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at born og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbrukskjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar óg vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år. Personar over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng heller ikkje det. 

Kor mykje skal ein ta?

Følg dosering på pakninga og i pakningsvedlegget, og følg råd frå myndigheitene.

Ikkje bruk jodtablettar dersom du:

  • er allergisk mot kaliumjodid eller nokre av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet
  • har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt)
  • har forstyrringar i skjoldbrukskjertelfunksjonen
  • har dermatitis herpetiformis (Duhrings sykdom)