Jamn avstemning om Klimapartnere-medlemskap

Med 14 mot 13 røyster vedtok heradsstyret i kveld at Kvam herad skal venta med medlemskap i Klimapartnere Vestland til det er gjort ei ny vurdering i samband med arbeidet med klimaplan.

Dette var også eitt av dei to alternativa rådmannen opphavleg hadde peika på i si saksutgreiing til formannskapet, medan det andre alternativet var å melda seg inn alt frå 1. mars 2020. Eit fleirtal i formannskapet hadde tilrådd det same. 

I saksutgreiinga peikte rådmannen at eit medlemskap kan vera til nytte i arbeidet med klimaplanen, men også at det kan føra til at prosessen med både planarbeid og oppfølging av medlemskapen kan koma til å gå seinare, fordi ein har ei avgrensa mengd ressursar i administrasjonen. 

Mindretalet røysta på eit framlegg frå Kari Mostad (MDG), om at ein skal gjera ei ny vurdering etter å ha fått ei orientering frå Klimapartnere i eit seinare heradsstyremøte. 

Klimapartnere Vestland er eit partnarskap mellom akademia, offentlege og private verksemder, som arbeider for å redusera eigne klimagassutslepp, og også arbeider saman for grøn samfunns- og næringsutvikling.