Ingen avvik i kommunal beredskap

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med utvalde område av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Kvam herad 23.10.2018. I tilsynet avdekte Fylkesmannen ingen avvik. 

Fylkesmannen hadde ein merknad, knytt til den heilskaplege risiko og sårbarheitsanalysa (ROS-analysa) som vart vedteken i 2015.

I merknaden heiter det at ROS-analysa vurderer eitt breitt spekter av uønskte hendingar, og at ho gjev ei oversiktleg oppsummeringa av funna, samt at analyseskjema med detaljert informasjon og liste over tilrådde tiltak er utarbeidd som separate vedlegge.

Fylkesmannen tilrår likevel at heradet i enno større grad får fram tilhøve og utfordringar som er særeigne for Kvam ved den komande revisjonen av ROS-analysa.

"Nye risikofaktorar og område der uønskte hendingar vil kunne få større konsekvensar, er døme på kva som bør komme meir tydeleg fram", heiter det i tilsynsrapporten. Fylkesmannen tilrår også at tiltaka som er føreslått som oppfølging vert meir konkrete, og at det kjem tydeleg fram korleis og kven som har ansvar for vidare oppfølging.